Døden og kjærleiken
Fra utstillingen «Døden og kjærleiken» i Permanenten, 2013. Foto: Dag Fosse.
Når
Hvor Permanenten
2013: Sorg, sakn, frykt og håp vert synleggjort i denne lågmælte utstillinga om døden.
Død og kjærleik er grunnleggande størrelsar i menneskelivet. Kjærleiken knyter vi oftast til livet, men den kjem også tydeleg til uttrykk når livet sluttar og kjærleiken blir «heimlaus».
Sorg, sakn, frykt og håp vert synleggjort i måleri, skulptur og bruksgjenstandar. Denne lågmælte og fabulerande utstillinga undersøkjer korleis døden til ulike tider har blitt framstilt kunstnarisk i biletkunst og kunsthandverk.
Utstillinga viser verk frå eiga samling saman med innlånte verk av kunstnarar som Christian Boltanski, Zoe Leonard, Felix Gonzalez-Torres og Charlotte Thiis-Evensen.
Kuratorgruppe: Eli Okkenhaug, Anne Brit Ylvisåker, Line Daatland og Marie von Möller.