Stipendiat Tove Kårstad Haugsbø

Tove Kårstad Haugsbø (f.1984) arbeider med doktoravhandlinga ”Fortida gjennom notida: nye perspektiv i forskinga av Nikolai Astrups kunst”, med forventa levering hausten 2014.

I avhandlinga tar Haugsbø sikte på å opne forståinga av Astrup gjennom nye og aktuelle perspektiv, som land art, performativitetsteori, mediehistorie og museologi. Nylesinga problematiserer dominansen av tradisjonelle kontekstar i kunstforståinga og det historiske vakuumet som den nasjonale forteljinga og kunstnarbiografien har skapt kring Astrups kunst. Forskingsarbeidet tar utgangspunkt i Dextra Artes’ Astrupsamling som er i deponi hjå KODE.

Stipendiatstillinga har også omfatta ein museumspraksis. Haugsbø var blant anna medkurator for KODEs nymontering av Astrupsamlinga (2011), og museets utvikling av digital utstillingsformidling med blant anna den kritikarroste Astrup-appen. Haugsbø arbeidar i tillegg med kunstfagleg formidling, og er redaktør for nettstaden www.nikolai-astrup.no.