Kva er Singersamlinga?

Singersamlinga opnar 23. mai på KODE 1. Førstekonservator Trond Indahl fortel om samlinga og om ekteparet som sto bak.

Kva er Singersamlinga og kven var ekteparet Singer?
– Singersamlinga er ei eklektisk kunst- og antikvitetssamling. Samlinga er prega av ekteparet Singer sin kjærleik for kunst og gamle, fine objekt. I dette rommet er det forsøkt å skape eit inntrykk av Singerparets heim i Olden.

William Singer jr. (1868–1943) og Anna Brugh Singer (1878–1962) var eit rikt amerikansk ektepar som reiste mykje i Europa. Etter nokre reiser i Noreg vart dei svært begeistra for den norske naturen. Dei budde fast i Olden i Nordfjord om somrane frå 1913, fram til dei døde.

Anna Brugh Singer testamenterte ein rekke møblar, antikvitetar og bilete til Vestlandske Kunstindustrimuseum, og i 1963 opna museet sin fyrste presentasjon av Singersamlinga. Anna hadde eit krav til museet: At samlinga skulle stillast ut i eit rom som minna meir om ein heim enn eit museum.

Korleis kom samlinga til?
– Singerparet var det ein kan karakterisere som «søkkrike». Dei kunne nok ha samla seg ei solid samling av dåtidas samtidskunstnarar, som til dømes Picasso, men dei valde i staden for å samle eldre verk. Dei samla mellom anna på europeiske stilmøblar, og fin eldre italiensk kunst frå sein-middelalder og renessanse. Elles samla dei på mengder av orientalske og persiske tepper. I Singersamlinga finst Buddha-figurar, Tiffany-lamper, ei Constable-skisse og to teikningar av Millet, mellom anna.

Det er også to penneteikningar som er laga i Rembrandt sitt studio. Sjølv om det ikkje er sannsynleg at det er Rembrandt som har laga dei, er dei klenodie, praktfulle.

Korleis havna ekteparet Singer i Olden? Og korleis vart dei møtt?
– Frå 1921 budde dei i Villa Dalheim, ein stor eigedom med gjestehus og gardsbruk. Hovedhuset var fylt med kunst og antikvitetar: både gamal kunst og måleri, og skulpturar laga av kunstnarvenane deira. William var sjølv kunstnar, bygde seg sitt eige atelier og måla særskilt landskapsbilete i sein-impresjonistisk stil. 

Singerparet dreiv ein stor hushaldning med tenarstab og hadde mange venar buande hos seg. I Olden-bygda vart dei sett på som eit eksotisk innslag, og ein kan nesten sjå føre seg ein slags «Downton Abbey» i Olden. Men, dei var også viktige arbeidsgjevarar og velgjerarar. Dei skaffa arbeidsplassar, og betalte for vegar og sjukehus i bygda.

Om du skulle valt deg ut eit objekt frå samlinga du ville hatt i di eiga stove, kva ville du valt då?
– Tiffany-lampa, utan tvil! Den er så utsøkt, eg kunne lett hatt den i stova mi heime, avsluttar Trond Indahl. 

Les meir om KODE 1 her.